Velg selskap, også anlegg
God ettermiddag Peter
Velg aktør
Haneholmen
Lindeneset
Kleppeneset
Hundvika Aust
Nordfjord Laks AS
Nordfjord Laks AS produserar både laks og regnbogeaure for kresne ganar i inn og utland. Nordfjord Laks forvaltar to konsensjonar fordelt på lokalitetar på Kleppenes og Lindenes i Hyefjorden og ved Haneholmen i Nordfjorden. Nordfjord Laks AS vart frå 1. januar 2011 fusjonert saman av tidlegare Hyen Laks AS og Nordfjord Havbruk AS. Hyen Fisk AS er største aksjonær, medan dei resterande aksjane er fordelt på lokale aktørar.
Hyen Fisk AS
Hyen Fisk AS vart skipa i 1986 i Hyen, og produserar settefisk til oppdrettsnæringa. Etter den tid har selskapet kjøpt opp Sande Settefisk AS og er over 50 prosent medeigar i matfiskselskapet Nordfjord Laks AS som har 2 konsesjonar. Anlegget er plassert i den vesle, vakre bygda Hyen i Nordfjord i Gloppen kommune. På Hyen Fisk har vi produsert både laks og regnbogeaure, men sidan 2013 har vi spesialisert oss berre på regnbogeaure. Vi har eit tradisjonelt klekkeri som presterar godt år etter år. Rogna får vi frå AquaGen.
I løpet av dei siste åra har vi investert i auka kapasitet på co2-lufting og meir karvolum. CO2-luftarane, som er sjølvproduserte, har senka CO2nivået i avlaupet frå kara betrakteleg. Dei gamle lysrøyra i startforinga og veksthallen har blitt skifta med nye ledlys. Desse er meir miljøvennlege og gjev betre lys. I tillegg har vi gått i innkjøp av eit nytt fôrsystem i veksthallen levert av Aquatec Solutions. Vi har også investert i eigenproduksjon av oksygen og auka oksygenkapasitet.
I 2013 blei selskapet GlobalG.A.P- sertifisert. Det vil seie at vi har dokumentasjon på at produksjonen er i samsvar med kriteria i standarden til produktkvalitet, mattryggleik, dyrevelferd og miljøpåverknad. Du kan lese meir om GlobalG.A.P. her. Hyen Fisk AS er føregangsanlegg for Salmon Group mht GlobalGAP og blir trekt fram som ein av dei beste i klassen. Vi er stolte av å oppfylle dei høge krava til produksjonen som GlobalGap standaren set.
Sande Settefisk AS
Sande Settefisk AS held til på Rygg i Gloppen Kommune. Vi har sidan 1993 vore eit dotterselskap til Hyen Fisk AS. I 2019 blei det etablert ein ny eigarstruktur beståande av Svanøy Havbruk AS, Hyen Fisk AS og Nordfjord Laks AS.
Vi har i dag konsesjon for 5 millionar sjødyktig settefisk av laks og regnbogeørret. Fisken blir levert til Svanøy Havbruk AS, Nordfjord Laks AS og andre eksterne kundar.
Verksemda er i stadig utvikling der vi ynskjer å ta del i ein framtidsretta smoltproduksjon og på same tid sikre behovet for settefisk og postsmolt av god kvalitet til Svanøy Havbruk AS og Nordfjord Laks AS. Med denne målsetjinga, har vi no utvida med klekkeri og ny startfòringsavdeling, basert på resirkuleringsteknologi.
Hausten 2022 blir ny postsmolt avdeling sett i drift. Den er også basert på resirkuleringsteknologi i tett samarbeid med Sterner AS. Opphavleg gjennomstrøymings avdeling er også ein viktig del av produksjonen.
Sande Settefisk AS er tilknytt Salmon Group og er GlobalG.A.P sertifisert.
Lingalaks AS
Lingalaks driv med matfiskproduksjon under naturlege ideelle forhold i Hardanger og Nordhordaland gjennom lokal kunnskap og erfaring. Me forsyn verdsmarknaden med norsk kvalitetsfisk.
